SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Miljøterapeut

Contract type: Fast

Percentage: 100%

Location: Stranda

Employer: Stranda kommune

Reference: 3919410721

Closing date: 22-10-2018

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow Stranda kommune on:

Facebook

Miljøterapeut 100% fast, ny utlysing

Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målgruppa er personar med rus/psykiske lidingar og psykisk utviklingshemma. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå.



Det er ledig 100% fast stilling som miljøterapeut.
For tida 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver:

Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansette behov
Oppgåve som primær- eller sekundærkontakt
Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
Følgje opp brukarane sine planar
Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og SamPro

Kvalifikasjonar:
Helse el. sosialfagleg utdanning på Bachelornivå. Det er ynskjeleg med vidareutdanning i psykiatri/rus eller tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering. Ved tilsetting vil sjukepleiar eller vernepleiar bli prioritert.
Ein må kunne jobbe sjølvstendig samt ha gode evne til samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartarar
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.
Gjerne kjennskap til HOTL kap. 9

Personlege eigenskapar:
Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer
Ein arbeidsplass under endring og utvikling
Muligheit til å påvirke eigen arbeidsdag
Gode pensjons og forsikringsordningar

For næremere opplysninger:

Contact person:

Lill Gullbekkhei Einingsleiar, phone: (+47) 46411059

Contact person:

Steinar Årberg Fagleiar, phone: (+47) 93474099

Stranda kommune

med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir

© 2025 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com