Job title: Rådgjevar
Contract type: Fast stilling
Percentage: 100%
Location: Leikanger
Employer: SF fylkeskommune
Reference: 3349522
Closing date: 13-11-2016
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.
Sogn og Fjordane fylkeskommune skal tilsetje ein rådgjevar som skal arbeide opp mot den politiske leiinga. Stillinga er administrativt underlagt fylkesrådmannen, men er disponert av fylkesordføraren.
Rådgjevaren skal leggje til rette for fylkesordføraren sitt daglege arbeid, og vil mellom anna arbeide med taler og presentasjonar, ivareta ekstern kontaktverksemd, leggje til rette for besøk frå delegasjonar, komitear og samarbeidspartar, organisere politikardagar, interne og eksterne møte og i nokon grad delta i samanhengar der fylkesordføraren representerer fylkeskommunen.
Krav til utdanning og praksis:
Utdanning frå høgskule/universitet
Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller media
Andre kvalifikasjonar vi vektlegg
Kjennskap til det politiske system og media
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Handlekraftig, sjølvstendig og med evne til gjennomføring
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi kan tilby:
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid
Fylkeskommunen bidreg også med hjelp til å skaffe bustad og dekking av flytteutgifter
Arbeidsstad:
Leikanger
På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sjf.no
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.
Nærmare opplysningar får du hjå
scandinavianpersonnel.com