SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Rådgjevar/førstekonsulent

Contract type: Fast stilling

Percentage: 100%

Location: Leikanger

Employer: SF fylkeskommune

Closing date: 11-12-2016

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow SF fylkeskommune on:

Facebook
Twitter

Rådgjevar/førstekonsulent

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Vi kan tilby:

I fylkesrådmannen sin økonomistab er det ledig fast stilling i 100% som:
Rådgjevar/førstekonsulent

Fylkesrådmannen sin økonomistab (FRMØ) består i dag av 4 medarbeidarar. FRMØ vert leia av økonomisjef.

FRMØ har ansvar for å ivareta følgjande sentrale arbeidsoppgåver:
Budsjett- og økonomiplanarbeid
Budsjettoppfølging/økonomistyring
Rådgjevande funksjon internt i organisasjonen, dvs. tett samarbeid med fagavdelingar
Finans- og gjeldsforvaltning
Konsesjonskraftforvaltning
Økonomiske vurderingar av fylkeskommunen sine eigarskap
Bistand ved rekneskapsavslutning, spesielt investeringsrekneskapen
Analyse- og utgreiingsoppgåver
Vi har også ansvar for å førebu/utarbeide saker av økonomisk karakter for den politiske leiinga, og vi tek del i ulike utviklingsprosjekt med økonomisk innslag.

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa den nye medarbeidaren sin kompetanse og interesser i kombinasjon med fylkeskommunen og FRMØ sitt behov.

Vi krev:
Minimum bachelor innan økonomi og administrasjon eller tilsvarande
Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskrav
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi vektlegg:
Utdanning på masternivå innan økonomi og administrasjon med hovudprofil innan finansiell økonomi, økonomisk styring/-analyse eller tilsvarande Kunnskap om offentleg forvalting og budsjettarbeid
Rekneskapsforståing
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God samfunnsinnsikt og eit breitt samfunnsengasjement
Løysingsorientert og serviceinnstilt; evne til å setje seg inn i «andre sine økonomiske problemstillingar» – og yte bistand
Evne til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig
Effektiv og fleksibel; arbeidar ofte med svært korte tidsfristar. Må difor kunne arbeide utover «normal arbeidstid» i hektiske periodar.
Analytiske evner; stor del av arbeidet er å kartlegge «kva seier tala/statistikken eigentleg»
Strategiske evner; ein del av arbeidet er å vurdere løysingar, både på kort og lang sikt

Vi kan tilby deg:
Løn etter avtale
Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Fleksibel arbeidstid
Dekking av flytteutgifter
Arbeidsstad: Leikanger.

Vanlege tilsetjingsvilkår med 6 mnd. prøvetid.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknadsfrist: 11. desember 2016

Nærmare opplysningar får du hjå

Contact person:

kst. økonomisjef Astrid Lernes, phone: +47 920 22 176
mail to scandinavianpersonnel.comFacebookGoogle PlusTwitter

We look forward to hearing from you

© 2015 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com