SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Informasjonsforvaltar

Contract type: Fast stilling

Percentage: 100%

Location: Oslo

Employer: Forsvarsbygg

Reference: 3246091542

Closing date: 11-12-2016

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow Forsvarsbygg on:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Informasjonsforvaltar med fokus på digitalisering i eit arkivfagleg perspektiv

Forsvarsbygg fellestenester leverer administrative støttetenester internt i heile Forsvarsbygg. Seksjon for IKT og Arkiv treng ein rådgjevar som kan sjå på korleis vi kan kome vidare i arbeidet vårt med digitalisering frå eit arkivfagleg perspektiv.

Arkivet har ansvar for å utvikle rutinar for elektronisk dokumentbehandling og saksbehandling. Vi har i tillegg ansvar for opplæring og er brukarstøtte for saksbehandlarar. Vi brukar Ephorte 5, og er i dag å rekne som fullelektronisk sakarkiv. Vi ønskjer å skape gode digitale løysingar, som er med på å effektivisere arbeidsprosessane og betre tenestene våre. Du skal ta aktivt del i prosjekt og vere bidragsytar og kravstillar i verksemda sitt digitaliseringstiltak. Som informasjonsforvaltar i arkivet må du ha teorien i orden, men det er den praktiske handlekrafta di vi verkeleg treng.

Arkivtenesta har god fagleg integritet i tenesteleveransen. Vi har eit triveleg miljø og ein travel arbeidskvardag med mange fagleg utfordrande og interessante oppgåver.

Forsvarsbygg har sett oss som mål at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet hjå dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom personleg og fagleg kompetanse.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver:

Forvaltning av arkivsystemet, som systemadministrasjon, systemoppdateringar og integrasjonar mot andre fagsystem
Vere ein pådrivar i utviklingsarbeid og driftsprosjekt relaterte til digitalisering og syte for at lovbestemte krav i høve til dokumenthandtering blir ivaretatt
Ta imot behov frå verksemda og omsetje til funksjonelle krav i samarbeid med IKT-ressursar
Vurdere å innføre statlege felleskomponentar for å sikre digitaliseringsarbeidet som t.d. sikker digital post og signeringstenesta for offentlege verksemder
Ha nok kunnskap om bruken av Noark-system til å kunne vere diskusjonspartnar og premissgjevar i slikt arbeid
Ta del i opplæring, brukarstøtte samt andre arkivrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning frå høgskole eller universitet, med relevant fagkrins
Kompetanse innan fagområdet dokumenthandtering og informasjonsforvaltning
Kjennskap til Noark-baserte arkivsystem
God IKT-forståing
God kjennskap til offentleg forvaltning
Erfaring frå digitaliseringsarbeid er ein fordel
Prosjektleiarerfaring og eller leiarerfaring er ein fordel
Kunnskap om behandling av tryggingsgradert informasjon er ein fordel
Du må kunne tryggingsklarerast til nivå HEMMELEG

Utdanningsnivå:
Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar:
Du er både nytenkjande og løysingsorientert
Du er strukturert og analytisk og stiller tydelege krav
Du tek initiativ mot andre einingar i verksemda og evnar å skape god dialog
Du kommunisere godt både skriftleg og munnleg

Språk:
Norsk

Vi tilbyr:
Konkurransedyktige vilkår og store høve for utvikling
Løn som rådgjevar (kode 1434) eller senirorådgjevar (kode 1364) iht. Statens Lønsregulativ
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Meiningsfull jobb med eit heilskapleg samfunnsperspektiv
Spanande faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø

For mer informasjon:

Contact person:

Nina Beck Arkivleder, phone: +47 920 30 153
mail to scandinavianpersonnel.comFacebookGoogle PlusTwitter

We look forward to hearing from you

© 2015 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com