SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Driftsplanleggar

Contract type: Fast stilling

Percentage: 100%

Location: Porsangermoen

Employer: Forsvarsbygg

Reference: 3204183005

Closing date: 05-02-2017

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow Forsvarsbygg on:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Driftsplanleggar Arena Porsangmoen

Ved Marknadsområde nord er det ledig stilling som driftsplanleggar med oppmøtestad Porsangmoen.
Stillinga rapporterer til Arenaleiar.

Stillingas hovudoppgåver innebærar planlegging av driftstiltak innan ulike fagområdar, samt ressursstyring av driftspersonell. Du vil ha produksjonsansvar for drift og delar av vedlikehald av byggingsmassen i området.

Hovudfokus for marknadsområdet er inngåing, etablering og oppfølging av leigekontraktar med militære leigetakarar for maksimal utleige av marknadsområdet si portefølje, under dette ivaretaking av drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver slik dei er avtalte med leigetakar og/eller eigar.
Arenakonseptet skal betre kundane våre si oppleving av alle Forsvarsbygg sine leveransar. Gjennom fokus på plan, det gode vertskap, tryggleik og sikkerheit, skal vi gjere Noregs mest aktive kvadratmeter til smarte, sikre og grøne areal. Konseptet tek utgangspunkt i Forsvarsbygg sin strategi og visjon; «Vi utviklar framtidas eigedomsløysingar gjennom vår unike posisjon og kompetanse.»

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vår skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til våre tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt Offentlighetslovens bestemmelser – jfr spesielt Offentlighetslovens § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre, www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver:

Ansvar for utarbeiding og gjennomføring av Driftsplan
Ansvarleg for driftsplanlegging, koordinering av tiltak og oppfølging
Dagleg produksjonsstyring, ressursstyring og oppgåvefordeling
Hjelpe i samband med eigedomsskadar, skildring, skademelding og oppfølging
Hjelpe ved tilstandsvurderingar, utarbeiding av skildringar, gjennomføring av innkjøp, byggekontroll og garantioppfølging
Samhandling og koordinering med vedlikehaldsplanleggar (verdibevarar)
Utforme, tilrå og implementere avvikskorrigerande tiltak
Kontaktperson mot Servicesenter, marknad og eksterne leverandørar
Lokal brukarstøtte Xpand og førestå opplæring av lokale brukarar
Utarbeide grunnlag for og følgje opp rapportar og dokumentasjon på status driftsplan, HMS, økonomi og IK, under dette utforme, tilrå og implementere avvikskorrigerande tiltak
Gjennomføre lokale konkurransar for kjøp utanfor Rammeavtale, eventuelt delegering av oppgåva
Hjelpe Arenaleiar i budsjettering og økonomioppfølging
Vikar for Arenaleiar

Andre oppgåver kan påleggjast etter tilvising frå leiar

Kvalifikasjonar:
Relevant teknisk utdanning/kompetanse
Erfaring frå ressurs- og produksjonsstyring
Erfaring med drifts- og vedlikehaldsplanlegging og planleggingsverktøy, t.d. Xpand
Økonomisk forståing
Prosjektleiarerfaring ønskeleg
Manglande formell utdanning kan i spesielle tilfelle fråvikast om tilstrekkelege kvalifikasjonar er dokumentert opparbeidde på annan måte
Gode datakunnskapar
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg

Utdanningsretning:
Bygg og anlegg

Utdanningsnivå:
Fagskule/fagbrev (to år)
Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Handlekraftig og løysingsorientert
Initiativrik
Strukturert
Systemforståing
Endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli særleg lagt vekt på

Språk:
Norsk

Vi tilbyr:
Løn som Driftsleiar/Ingeniør, kode1137 / 1083, ltr. 35-65 (349.400,--567.100,-), iht. Staten sitt lønsregulativ
Ein hektisk og spanande jobb blant gode kollegaar
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar

Reiseaktivitet:
Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For mer informasjon:

Contact person:

Jan Einar Mikalsen Arenaleiar Porsangmoen, phone: + 47 474 54 128
mail to scandinavianpersonnel.comFacebookGoogle PlusTwitter

We look forward to hearing from you

© 2015 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com