SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Driftsteknikar VVS

Contract type: Fast stilling

Percentage: 100%

Location: Skjold

Employer: Forsvarsbygg

Reference: 3193731509

Closing date: 01-01-2017

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow Forsvarsbygg on:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Driftsteknikar VVS, Arena Skjold

Ved Marknadsområde nord er det ledig stilling som Driftsteknikar VVS/røyr (kode 1136), med oppmøtestad Skjold. Stillinga rapporterer til Arenaleiar.

I stilling som driftsteknikar er du marknadsområdet sitt fremste kontaktledd overfor leigetakar sine brukarar av eigedomane. Du skal syte for at brukarane sine behov for tilfredsstillande EBA løysingar blir løpande ivareteke. Du skal uoppmoda identifisere og ta initiativ til at feil og manglar rettast opp - og utan opphald formidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader du ikkje sjølv kan gjere noko med.

Vi tilbyd spanande moglegheiter i eit moderne og framtidsretta eigedomsselskap for deg som er serviceinnstilt og arbeidsam.

Forsvarsbygg har som mål at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til våre tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagd vilkåra i Offentlighetslova - jfr spesielt Offentlighetslova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på nettsida vår www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver:

Utføre oppgåver innan tilsyn, service, internkontroll, drift og vedlikehald av bygningar, anlegg og tekniske installasjonar
Følgje opp og utføre driftstiltak i eigen eigedoms-, bygg-, og anleggsportefølje i høve til driftsplan, i den hensikt å vedlikehalde tilstandsgrad. Oppdage og lukke feil og manglar
Utføre og følgje opp tildelte serviceordrar
Utføre innvendig og utvendig drift og vedlikehald på bygningsmassen i Arenaen, under dette løpande og planlagde oppdrag
Følgje opp eksterne leverandørar og leveransar i eigne bygg
Delta ved montering/testing/idriftsetjing av nye tekniske anlegg i eksisterande og nye bygningskomponentar. Aktivt melde feil og manglar i garantiperioden
Syte for korrekt og grundig utfylling av grunnlag for rekvisisjonar, gjennomføre varemottak
Bidra med innspel til produksjons- og vedlikehaldsplanar
Hjelpe med råd og rettleiing inn i ulike prosjekt i tilknyting til eigen bygningsmasse, samt hjelpe ved fagspørsmål innan kompetanseområdet
Delta i tverrfagleg samarbeid på Arena og i Marknadsområdet
Andre oppgåver kan påleggast etter tilvising frå leiar

Kvalifikasjonar:
Fagbrev innan relevant fagfelt, primært innan VVS/røyr fag
Lang relevant praksis kan kompensere for formell utdanning
Erfaring frå drift og vedlikehald av EBA
Grunnleggjande ferdigheiter og interesse for bruk av dataverktøy
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Førarkort klasse. B
Må kunne tryggingsklarerast for Hemmeleg

Utdanningsretning:
Handverksfag

Utdanningsnivå:
Vidaregåande skule

Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kundeorientert og serviceinnstilling, evne til å etablere gode kunderelasjonar
Fleksibel og tilpassingsdyktig
Ansvarsmedviten og pliktoppfyllande
Utetterretta, må kunne jobbe sjølvstendig og i samspel med andre
Ryddig og representativ åtferd
Strukturert og løysingsorientert

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli særleg vektlagt
Språk
Norsk
Vi tilbyr
Løn som Overingeniør, kode 1087, ltr. 35-55, iht. lønsregulativet i Staten
Ein hektisk og spanande jobb blant gode kollegaar
Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Bedriftshelseteneste

For mer informasjon:

Contact person:

Ola Kvammen Arenaleiar Skjold, phone: + 47 970 48 743
mail to scandinavianpersonnel.comFacebookGoogle PlusTwitter

We look forward to hearing from you

© 2015 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com