SkanPers kommunikation
headerlogo
UTGÅTT
Har ikke støtte for bildebeskrivelse i spot enda.

Job title: Driftsplanleggar

Contract type: Fast stilling

Percentage: 100%

Location: Bodø

Employer: Forsvarsbygg

Reference: 3265178862

Closing date: 11-12-2016

Apply for the job here.

Visit our home page.

Follow Forsvarsbygg on:

Facebook
LinkedIn
Twitter

Driftsplanleggar Bodø, marknadsområde Hålogaland - Forsvarsbygg utleie

Ved Forsvarsbygg marknadsområde Hålogaland er det ledig stilling som driftsplanleggar lokalisert til Bodø.

Stillinga rapporterer til serviceleiar.

Hovudfokus for marknadsområdet er inngåing, etablering og oppfølging av leigekontraktar med militære leigetakarar for maksimal utleige av marknadsområdet si portefølje, under dette ivaretaking av drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver slik dei er avtalte med leigetakar og/eller eigar.
Arenakonseptet skal betre kundane våre si oppleving av alle Forsvarsbygg sine leveransar. Gjennom fokus på plan, det gode vertskap, tryggleik og sikkerheit, skal vi gjere Noregs mest aktive kvadratmeter til smarte, sikre og grøne areal. Konseptet tek utgangspunkt i Forsvarsbygg sin strategi og visjon; «Vi utviklar framtidas eigedomsløysingar gjennom vår unike posisjon og kompetanse.»

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vår skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi ønskjer difor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet til våre tilsette er balansert. Vi ønskjer å knyte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre, www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgaver:

Ansvarleg for planlegging og koordinering av driftsrelaterte oppdrag
Utarbeiding og ajourhalding av driftsplanar
Oppfølging av eksterne leverandørar
Kundekontakt, under dette ansvar for at det blir halde løpande kontakt og dialog om Status med kunden sin(e) representant(ar) og brukarar
Sjå til at serviceordrar blir følgde opp
Uoppfordra identifisere og ta initiativ til at feil og manglar blir retta opp, og utan opphald formidle og følgje opp gjennomføringa av førespurnader
Ivareta kontakt med Servicesenteret
Forstå, planleggje og ivareta løpande brukarkontakt
Sjå til at FDV-applikasjonen Xpand blir ajourhalden dagleg
Delta i tverrfagleg samarbeid i marknadsområdet
Vikar for arenaleiar/serviceleiar

Kvalifikasjonar:
utdanning frå teknisk fagskole eller ingeniørhøgskole
fagbrev innan driftsrelaterte fag er ønskeleg
relevant erfaring frå drift av EBA-tekniske anlegg, under dette også SD-anlegg
erfaring med planlegging og koordinering av arbeidsoppdrag
manglande formell utdanning og erfaring kan i særlege tilfelle fråvikast om tilstrekkeleg kvalifikasjonar kan dokumenterast opparbeidd på annan måte
gode datakunnskapar og administrativ erfaring
førarkort klasse B
må kunne tryggingsklarerast for hemmeleg

Utdanningsnivå:
Høyskule/universitet,Diplom / Bachelorgrad
Fagskule/fagbrev (to år)

Personlege eigenskapar:
gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
resultatorientert og målbevisst
strukturert
sjølvstendig
fleksibel og tilpasningsdyktig

Personlige eigenskapar vil bli særlig vektlagt.

Språk:
Norsk

Vi tilbyr:
Løn som driftsleiar/ingeniør (1137/1083) i høve til Staten sitt lønsregulativ
Medlemskap i Statens Pensjonskasse
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bedriftshelseteneste

Andre opplysningar:
Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

For mer informasjon:

Contact person:

Bjørnar Skjerve Leder driftsservice Hålogaland, phone: + 47 465 08 169

Contact person:

Geir Rune Finstad Serviceleiar Bodø, phone: + 47 957 06 304
mail to scandinavianpersonnel.comFacebookGoogle PlusTwitter

We look forward to hearing from you

© 2015 Scandinavian Personnel. All rights reserved.

scandinavianpersonnel.com